Produksjonstal juni 2021

Prod-tall-illustrasjonsbilde-plattform-Morten-Berentsen

Illustrasjonsbilde.

21.07.2021 Førebels produksjonstal i juni 2021 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 883 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 7,9 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,8 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 674 000 fat olje, 196 000 fat NGL og 12 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 3,6 prosent under OD sin prognose for juni og 0,4 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2021.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i juni er lågare enn venta er tekniske problem og vedlikehaldsstans på nokre felt.

Produksjon juni 2021

Graf som viser produksjon i juni 2021

Oljeproduksjon 2021

Figur som viser oljeproduksjon i 2021

Væskeproduksjon 2021

Figur som viser væskeproduksjon i 2021

Gassproduksjon 2021

Figur som viser gassproduksjon i 2021

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2021 er om lag 112,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 49,9 MSm3 o.e olje, om lag 7,8 MSm3 o.e NGL og kondensat,

og det er selt om lag 55,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,4 MSm3 o.e. lågare enn i 2020.

Oppdatert: 21.07.2021