Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Ressursrekneskap per 31.12.2018

Oljedirektoratets estimat for totale påviste og ikkje påviste petroleums­ressursar på norsk kontinental­sokkel er om lag 15,6 milliardar standard kubikkmeter olje­ekvivalentar.

Dette er 24 millionar meir enn per 31. desember 2017. Av dette er 47 prosent selt og levert. Om lag 47 prosent av ressursane som er igjen, er ikkje påviste.

Artikkelen har og med ei oppsummering av ODs ressursrekneskap etter UNFC-klassifiseringa.

Ressursar er et samleomgrep for all olje og gass som kan utvinnast. Ressursane blir klassifiserte etter kor modne dei er med omsyn til kor langt dei er komne i planprosessen fram mot produksjon. Hovudklassane er reservar, betinga ressursar og ikkje påviste ressursar.

Olje og kondensat blir oppgitt i millionar standard kubikkmeter (Sm3 ). NGL blir oppgitt i millionar tonn, og gass blir oppgitt i milliardar standard kubikkmeter. Omrekningsfaktor for NGL i tonn til Sm3 er 1,9. Sum oljeekvivalentar blir oppgitt i millionar Sm3 o.e., 1000 Sm3 gass = 1 Sm3 o.e..

Totale ressursar

Oljedirektoratets basisestimat for totale påviste og ikkje påviste petroleumsressursar er om lag 15,6 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette er 7,3 milliardar Sm3 o.e., eller 47 prosent, selt og levert. Estimatet for ressursar som ikkje er påvist er på 3,9 milliardar Sm3 o.e.. Det er redusert med tilveksten av ressursar frå nye funn i 2018, om lag 60 millionar Sm3 o.e..

Det er venta at det er 8,3 milliardar Sm3 o.e. igjen å produsere. Av dette er 4,4 milliardar Sm3 o.e. påviste ressursar.

Last ned: Alle tabellar som høyrer til ressursrekneskapen for norsk sokkel per 31.12.2018.

 

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata per 31. Desember 2018

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata per 31. Desember 2018

 

Totale petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkelper 31. desember 2018

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Produsert 4347,9 2454,4 217,9 114,5 7330,8
Reservar* 1177,3 1621,6 92,3 21,9 2996,2
Betinga ressursar i felt 233,9 233,7 17,1 2,5 502,7
Betinga ressursar i funn 318,2 301,0 17,5 7,2 659,6
Utvinning ikkje evaluert (RK 7A) 135,0 70,0     205,0
Ikkje oppdaga ressursar 1980,0 1830,0   130,0 3940,0
Totalt 8192,2 6510,8 344,8 276,2 15634,2
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3

 

Norsk kontinentalsokkel - endringar frå 2017

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Produsert 86,4 113,3 17,6 -2,8 230,4
Reservar* 46,2 -107,4 -17,2 1,2 -92,8
Betinga ressursar i felt -104,3 -7,6 -3,7 0,1 -118,8
Betinga ressursar i funn 43,2 7,5 2,3 5,3 60,3
Utvinning ikkje evaluert (RK 7A) 5,0 0,0 0,0 0,0 5,0
Ikkje oppdaga ressursar -15,0 -40,0 0,0 -5,0 -60,0
Totalt 61,5 -34,1 -1,1 -1,2 24,2
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3

Last ned: Tabell (excel)

 

Reservar

Reservar er utvinnbare petroleumsmengder som ikkje er produsert, men det er vedtatt at dei skal produserast. Dette gjeld både ressursar der styresmaktene har godkjent Plan for utbygging og drift (PUD) og dei ressursane som rettshavarane, selskapa i utvinningsløyvet, har vedtatt å produsere, men som ennå ikkje har naudsynte løyve frå styresmaktene.

Ved årsskiftet var reservane 2996 millionar Sm3 o.e. 54 prosent av dette er gass. Bruttoreservane, eller anslaget før produksjonen er trekt frå, auka med 138 millionar Sm3 o.e. samanlikna med året før. Årsaka til den solide auken er reservevekst på fleire produserande felt, innlevering av PUD for Johan Sverdrup byggetrinn 2 og Nova-feltet. Produksjonen i 2018 var på 230 millionar Sm3 o.e. Dette inneber ein netto reduksjon i reservane på 93 millionar Sm3 o.e., eller om lag 3 prosent.

Betinga ressursar

Betinga ressursar er påvist olje og gass som det ennå ikkje er vedtatt  å produsere. Petroleumsmengder i moglege prosjekt for auka utvinning er inkludert i denne klassen. Ved årsskiftet var dei betinga ressursane 1367 millionar Sm3 o.e. Ressursar som blir vurdert til ikkje å vere kommersielt utvinnbare, er ikkje med i rekneskapen.

Kvart år blir ein del av dei betinga ressursane vedtatt å bygge ut. Då blir dei flytta over til kategorien reservar. Tilveksten i kategorien betinga ressursar kjem både frå nye funn og frå endra ressursanslag og nye moglegheiter i felt og funn.

I 2018 ble avsluttet 27 undersøkelsesbrønner, og det ble gjort 12 funn; tre i Barentshavet, tre i Norskehavet og seks i Nordsjøen. Samlet estimat for funnene vi antar kan/vil bli utbygd er 60 millioner Sm3 o.e. 27 undersøkingsbrønnar blei avslutta, og det blei gjort 12 funn; tre i Barentshavet, tre i Norskehavet og seks i Nordsjøen. Mange av funna er ikkje ferdig evaluerte, og estimata er derfor svært usikre. Fem av funna i 2018 vurderast som lite sannsynlege å bygge ut, ressursane i disse er ikkje telte med i rekneskapen.

Ressursane i funn har auka med 60 millionar Sm3 o.e., til 660 millionar Sm3 o.e. Auken kan forklarast med ein tilvekst frå sju nye funn i 2018. I tillegg er åtte funn som tidlegare år blei vurdert som lite sannsynlege å bygge ut nå vurdert for utbygging. Men reduserte ressursanslag i funn og innlevering av PUD for Nova førte til at auken ikkje blei større enn 60 millionar Sm3 o.e.

Betinga ressursar i felt utgjer 708 millionar Sm3 o.e., eller 16 prosent av dei gjenverande påviste ressursane. I 2018 blei dei betinga ressursane i felt redusert med 114 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i 2017. Reduksjonen kan hovedsakleg forklarast med at byggetrinn to for Johan Sverdrup-feltet er beslutta utbygd.

Ikkje påviste ressursar

Ikkje påviste ressursar omfattar olje og gass som truleg finst og kan produserast, men som ennå ikkje er påvist ved boring.

I 2018 blei ikkje ressursanslaget for dei ikkje påviste ressursane oppdaterte. Ei slik oppdatering blir gjort annakvart år. Neste oppdatering er i 2019. Dei ikkje påviste ressursane er estimert til 3940 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 60 millionar Sm3 o.e. samanlikna med ressursrekneskapen for 2017, og er om lag like mykje som tilveksten frå nye funn i 2018. Ikkje påviste ressursar utgjer om lag 47 prosent av dei totale ressursane som er igjen på norsk sokkel.

UNFC KLASSIFISERING

"United Nations Framework Classification System 2009” (UNFC-2009) (på engelsk) er eit klassifikasjonssystem som mellom anna er laga for å kunne samanlikne ressursanslag på tvers av ulike klassifikasjonssystem, og dermed på tvers av land og organisasjonar.

Sidan 2014 har Oljedirektoratet også klassifisert dei norske petroleumsressursane etter UNFC-2009.

Ressursane i kvart av dei om lag 700 norske prosjekta som inngår i ressursrekneskapen er sortert langs tre aksar; E, F og G-aksen. Desse representerer ulik grad av sosioøkonomisk attraktivitet, teknisk modning og usikkerheit.

Den norske ressursrekneskapen per 31.desember 2018 transformert til UNFC kan summerast opp slik som vist i tabellen med ressursrekneskapen under fanen «UNFC».

Ei forklaring på metodikken som er nytta for konvertering frå det norske systemet til UNFC 2009 finst i denne publikasjonen frå 2014 (på engelsk).

 

Ressursar per havområde

Nordsjøen har om lag 44 prosent av ressursane som er igjen. Fordelinga av resten av ressursane viser at det er 37 prosent igjen i Barentshavet og 19 prosent igjen i Norskehavet. Ein stor del av dei forventa ressursane som er igjen i Barentshavet er ennå ikkje påvist.

Nordsjøen er motoren i norsk petroleumsverksemd med 63 produserande felt ved årsskiftet. Tre felt, Brynhild, Gaupe og Oselvar, blei stengt ned i 2018.

I Norskehavet er det 18 felt i produksjon. Eit nytt felt, Aasta Hansteen, blei sett i produksjon i desember 2018. I Barentshavet er det to produserande felt..

Last ned: Alle tabellar som høyrer til ressursrekneskapen for norsk sokkel per 31.12.2018.

 

Gjenverande petroleumsressursar fordelt på havområde
per 31. desember 2018

 

27-Gjenvaerende-ressurser-per-havomrade-kakedia.png

 

 

 

Nordsjøen

Ressursrekneskapen for Nordsjøen viser at det blei selt og levert 161 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Bruttoreservane auka med 175 millionar Sm3 o.e, før produksjonen er trekt  ifrå. Dette betyr at reservane som er igjen i Nordsjøen auka med 14 millionar Sm3 o.e. i 2018.

Auken i bruttoreservar kan forklarast med at det er levert inn PUD for Johan Sverdrup byggetrinn to og Nova-feltet. I tillegg auka reservane på fleire felt, som Gudrun, Fram og Edvard Grieg.

Betinga ressursar i felt blei redusert med 125 millionar Sm3 o.e. i 2018, mellom anna fordi det blei levert inn PUD for utbygging av Johan Sverdrup byggetrinn to, og fordi ressursar blei modna til reservar. Betinga ressursar i funn har auka med 46 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor, mellom anna på grunn av tilvekst frå nye funn og mellom anna at funna 35/12-2 (Grosbeak) og 24/6-1 (Peik) nå blir vurdert for utbygging. Det er gjort seks funn i Nordsjøen i 2018. Ressurstilveksten er på om lag 12 millionar Sm3 o.e..

Estimatet for ikkje påviste ressursar er 715 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 10 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor.

 

Totale petroleumsressursar i Nordsjøen
per 31. desember 2018

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Produsert 3727,9 1869,8 156,0 70,2 5964,3
Reservar* 948,1 1105,9 54,8 0,0 2158,1
Betinga ressursar i felt 197,1 148,7 12,3 0,0 369,1
Betinga ressursar i funn 172,5 131,6 8,8 0,0 320,9
Ikkje oppdaga ressursar 420,0 245,0   50,0 715,0
Totalt** 5465,7 3501,0 231,9 120,2 9527,4
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Nordsjøen - endringar frå 2017

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Produsert 70,6 69,0 13,8 -4,5 161,3
Reservar* 77,5 -46,2 -11,5 4,4 13,7
Betinga ressursar i felt -109,6 -11,8 -2,1 0,0 -125,5
Betinga ressursar i funn 35,9 12,4 -1,3 0,0 45,9
Ikkje oppdaga ressursar -10,0 0,0 0,0 0,0 -10,0
Totalt** 64,5 23,4 -1,2 -0,1 84,4
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

Last ned: Tabell (excel)

 

Norskehavet

Ressursrekneskapen for Norskehavet viser at det blei selt og levert 57 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samstundes blei bruttoreservane reduserte med 21 millionar Sm3 o.e. før produksjonen er trekt ifrå. Dette inneber ein reduksjon i resterande reservar i Norskehavet på 78 millionar Sm3 o.e. i 2018.

Reduksjonen i brutto reservar skuldast i hovudsak at reservane på Maria-feltet er reduserte for å ta omsyn til manglande trykkstøtte frå vassinjeksjon i reservoaret.

Betinga ressursar i felt er redusert med 10 millionar Sm3 o.e. i 2018. Årsaka til dette er mellom anna at ressursar er modna til reservar, og at einskilde prosjekt er utgått sidan dei nå blir vurdert som ikkje økonomiske. Estimatet for betinga ressursar i funn auka med 21 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor. Den viktigaste årsaka er funna 6604/5-1 (Balderbrå) og 6506/11-10 (Hades/Iris) som blei gjort i 2018.

Det blei gjort tre nye funn i Norskehavet i 2018. Samla ressurstilvekst er på om lag 45 millionar Sm3 o.e. Estimatet for ikkje påviste ressursar er på 695 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 45 millionar Sm3 o.e. samanlikna med 2017.

 

Totale petroleumsressursar i Norskehavet
per 31. desember 2018

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Produsert 610,6 531,0 59,3 35,9 1290,2
Reservar* 118,0 360,2 31,9 5,7 544,6
Betinga ressursar i felt 31,7 58,4 3,8 1,9 99,1
Betinga ressursar i funn 27,8 148,0 7,6 6,2 196,4
Ikkje oppdaga ressursar 300,0 355,0   40,0 695,0
Totalt** 1088,1 1452,6 102,6 89,7 2825,3
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Norskehavet - endringar frå 2017

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Produsert 11,9 37,7 3,6 0,9 57,3
Reservar* -27,7 -39,7 -4,9 -1,3 -77,8
Betinga ressursar i felt 3,0 -9,6 -1,6 -0,4 -9,5
Betinga ressursar i funn 1,1 8,5 3,2 -0,7 21,0
Ikkje oppdaga ressursar 0,0 -40,0 0,0 0,0 -45,0
Totalt** -11,7 -43,2 3,1 0,3 53,9
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

Last ned: Tabell (excel)

 

Barentshavet

Ressursrekneskapen for Barentshavet viser at det blei selt og levert 12 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samstundes blei bruttoreservane redusert med 17 millionar Sm3 o.e før produksjonen er trekt ifrå. Dette gir ein reduksjon i resterande reservar på 29 millionar Sm3 o.e. i 2018.

Reduksjonen i brutto reservar skuldast at reservane i Snøhvit-feltet er redusert på grunn av oppdatering av dei geologiske modellane.

Betinga ressursar i felt har auka med 16 million Sm3 o.e. samanlikna med 2017. Årsaka er at det er godkjent PUD for ressursane i Johan Castberg og ressursane er overført fra funn til felt. Estimatet for betinga ressursar i funn er redusert med 7 millionar Sm3 o.e.

Det blei gjort tre nye funn i Barentshavet i 2018. Ressurstilveksten er på om lag 3 millionar Sm3 o.e.

Dei ikkje påviste ressursane i Barentshavet inkluderer volum i Barentshavet sør, søraust og nordaust. Estimatet for dei ikkje påviste ressursane er i år 2530 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 5 millionar Sm3 o.e samanlikna med 2017.

 

Totale petroleumsressursar i Barentshavet
per 31. desember 2018

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Produsert 9,3 53,6 2,6 8,4 76,3
Reservar* 111,1 155,5 5,6 16,2 293,5
Betinga ressursar i felt 5,1 26,6 1,1 0,6 34,5
Betinga ressursar i funn 117,9 21,4 1,1 1,0 142,3
Ikkje oppdaga ressursar 1260,0 1230,0   40,0 2530,0
Totalt** 1503,4 1487,2 10,3 66,3 3076,5
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Barentshavet - endringar frå 2017

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Produsert 3,8 6,7 0,3 0,8 11,8
Reservar* -3,7 -21,5 -0,7 -2,1 -28,7
Betinga ressursar i felt 2,4 13,8 0,0 0,0 16,2
Betinga ressursar i funn 6,2 -13,3 0,3 0,0 -6,6
Ikkje oppdaga ressursar -5,0 0,0 0,0 0,0 -5,0
Totalt** 3,7 -14,4 -0,2 -1,3 -12,3
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

Last ned: Tabell (excel)

Kontakt
Tom Andersen

Tlf: +47 51876275

Oppdatert: 25.03.2019

Kontakt
Tom Andersen

Tlf: +47 51876275