Ressursrekneskap per 31.12.2019

Oljedirektoratets estimat for totale påviste og ikkje påviste petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel er om lag 15,7 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar.

Dette er 104 millionar meir enn per 31. desember 2018. 48 prosent av ressursane er selde og leverte. Om lag 48 prosent av ressursane som er igjen er ikkje påvist.

Ressursar er eit samleomgrep for all olje og gass som kan utvinnast. Ressursane blir klassifisert etter kor modne dei er, det vil seie kor langt dei er komne i planprosessen fram mot produksjon. Hovudklassane er reservar, betinga ressursar og ikkje påviste ressursar.

Olje og kondensat blir oppgitt i millionar standard kubikkmeter (Sm3). NGL blir oppgitt i millionar tonn, og gass blir oppgitt i milliardar standard kubikkmeter. Omrekningsfaktor for NGL i tonn til Sm3 er 1,9. 1000 Sm3 gass = 1 Sm3 o.e. Sum oljeekvivalentar blir oppgitt i millionar Sm3 o.e.

Artikkelen har og med ei oppsummering av ODs ressursrekneskap etter UNFC-klassifiseringa.

Totale ressursar

Oljedirektoratets basisestimat for totale påviste og ikkje påviste petroleumsressursar er om lag 15,7 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette er 7,6 milliardar Sm3 o.e., eller 48 prosent, seld og levert. Estimatet for ressursar som ikkje er påvist er på 3,9 milliardar Sm3 o.e. I løpet av 2019 er ressursanslaget for dei ikkje påviste ressursane oppdatert. Estimatet er redusert med 30 millionar Sm3 o.e. i høve til rekneskapen i 2018.

Oljedirektoratet anslår at det er 8,2 milliardar Sm3 o.e. igjen å produsere. Av dette er 4,3 milliardar Sm3 o.e. påviste ressursar.

Last ned: Alle tabellar som høyrer til ressursrekneskapen for norsk sokkel per 31. desember 2019

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata per 31. desember 2019

 

Paidiagram som viser usikkerhet i ressursar

 

Totale petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel per 31. desember 2019

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Seld og levert 4430,9 2571,4 227,7 115,2 7550,0
Reservar 1169,0 1544,5 87,2 20,7 2899,8
Betinga ressursar i felt 335,2 309,9 15,3 2,4 676,5
Betinga ressursar i funn 352,7 310,2 16,8 7,3 702,2
Ikkje oppdaga ressursar 1985,0 1805,0 0,0 120,0 3910,0
Totalt 8272,8 6541,0 347,0 265,6 15738,5

 

Norsk kontinentalsokkel - endringar frå 2018

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Seld og levert 83,0 117,0 9,8 0,6 219,3
Reservar -8,2 -77,2 -5,1 -1,3 -96,4
Betinga ressursar i felt -33,8 6,2 -1,8 -0,1 -31,2
Betinga ressursar i funn 34,6 9,2 -0,7 0,1 42,6
Ikkje oppdaga ressursar 5,0 -25,0 0,0 -10,0 -30,0
Totalt 80,5 30,2 2,2 -10,6 104,3

Last ned: Tabell (excel)

Reservar

Reservar er utvinnbare petroleumsmengder som ikkje er produsert, men som det er vedtatt at skal produserast. Dette omfattar både ressursar der styresmaktene har godkjent plan for utbygging og drift (PUD) og dei ressursane som rettshavarane , selskapa i utvinningsløyvet, har vedtatt å produsere, men som ennå ikkje har dei nødvendige løyva frå styresmaktene.

Ved årsskiftet var reservane 2900 millionar Sm3 o.e. 53 prosent av dette er gass. Bruttoreservane, eller anslaget før produksjonen er trekt ifrå, auka med 123 millionar Sm3 o.e. samanlikna med året før. Årsaka til den solide auken er reservevekst på fleire produserande felt, innlevering av PUD for Balder Future-prosjektet og plan for gjenutbygging av Tor.

Produksjonen i 2019 var på 216 millionar Sm3 o.e. Endringa i rekneskapen er på 219 millionar Sm3 o.e. Dette er ei regnskapsteknisk endring som inneber ein netto reduksjon i reservane på 96 millionar Sm3 o.e., eller om lag 3 prosent.

Betinga ressursar 

Betinga ressursar er påvist olje og gass som det ennå ikke er vedtatt å produsere. Petroleumsmengder i moglege prosjekt for auka utvinning er inkludert i denne klassen. Ved årsskiftet var dei betinga ressursane 1378 millionar Sm3 o.e. Dette utgjer 32 prosent av dei påviste ressursane som er igjen. Ressursar som blir vurdert til ikkje å vere kommersielt utvinnbare, er ikke med i rekneskapen.

Kvart år blir det beslutta at ein skal bygge ut ein del av dei betinga ressursane. Da blir dei flytta over til kategorien reservar. Tilveksten i kategorien betinga ressursar kjem både frå nye funn og frå endra ressursanslag og nye moglegheiter i felt og funn.

I 2019 blei det avslutta 42 undersøkingsbrønnar, og det blei gjort 17 funn; eitt i Barentshavet, seks i Norskehavet og ti i Nordsjøen. Samla estimat for funna vi antar kan/vil bli bygt ut er 70 millionar Sm3 o.e. Mange av funna er ikkje ferdig evaluert, og estimata er derfor svært usikre. Tre av funna i 2019 blir vurdert som lite sannsynlege å bygge ut, ressursane i desse er ikkje tekne med i rekneskapen.

Ressursane i funn har auka med 43 millionar Sm3 o.e., til 702 millionar Sm3 o.e og utgjer 16 prosent av dei påviste ressursane som er igjen. Auken kjem i all hovudsak frå 14 nye funn i 2019. I tillegg blir det gjort arbeid på fleire funn, det fører til endringar i anslag og klassifisering. Sju funn frå fjorårets rekneskap blir no sett på som mindre sannsynlege for utbygging, medan fem funn har auka moglegheit for utvikling. I tillegg er Duva og Solveig flytta til feltporteføljen etter godkjenning av PUD.

Betinga ressursar i felt utgjer 676 millionar Sm3 o.e., eller 16 prosent av dei påviste ressursane som er igjen. Av dei betinga ressursane er 230 millionar Sm3 o.e. moglege tiltak i felta (RK 7A), desse er ikkje med i tabellane for det einskilde havområdet. I 2019 blei dei betinga ressursane i felt redusert med 31 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i 2018.

Reduksjonen kan hovudsakleg forklarast med innlevering av PUD for Balder Future-prosjektet og en gjenutbygging av Torfeltet.

Ikkje påviste ressursar

Ikkje påviste ressursar omfattar olje og gass som truleg finst og kan produserast, men som ennå ikkje er påvist ved boring.
Ressursanslaget for dei ikkje påviste ressursane er oppdatert i 2019. Ei slik oppdatering blir gjort kvart andre år. Neste oppdatering er i 2021. Dei ikkje påviste ressursane er estimert til 3910 millionar Sm3 o.e.

Dette er ein reduksjon på 30 millionar Sm3 o.e. samanlikna med ressursrekneskapen for 2018. Ikkje påviste ressursar utgjer om lag 48 prosent av de totale ressursane som er igjen på norsk sokkel.

UNFC-klassifisering

United Nations Framework Classification System (UNFC) (på engelsk) er eit klassifikasjonssystem som mellom anna er laga for å kunne samanlikne ressursanslag på tvers av ulike klassifikasjonssystem, og dermed på tvers av land og organisasjonar.

Sidan 2014 har Oljedirektoratet og klassifisert dei norske petroleumsressursane etter UNFC.

Ressursane i kvart av dei om lag 700 norske prosjekta som inngår i ressursrekneskapen er sortert langs tre aksar; E-, F- og G-aksen. Desse representerer ulik grad av miljø/sosioøkonomisk attraktivitet, teknisk modning og usikkerheit.

Den norske ressursrekneskapen per 31. desember 2019 transformert til UNFC kan summerast opp slik som synt i tabellen med ressursrekneskapen under fanen «UNFC».

Ei forklaring på metodikken som er nytta for konvertering frå det norske systemet til UNFC, kan finnast i denne publikasjonen frå 2014 (på engelsk).

 

Ressursar per havområde

Nordsjøen har om lag 44 prosent av ressursane som er igjen. Fordelinga av resten av ressursane syner at det er 37 prosent igjen i Barentshavet og 19 prosent igjen i Norskehavet. Ein stor del av dei forventa ressursane som er igjen i Barentshavet, er ennå ikkje påvist.

Nordsjøen er motoren i norsk petroleumsverksemd med 66 produserande felt ved årsskiftet. Det blei starta produksjon på tre felt i 2019, Johan Sverdrup, Oda og Utgard.

I Norskehavet er det 19 felt i produksjon. Eitt nytt felt, Trestakk, blei sett i produksjon i juli 2019. I Barentshavet er det to produserande felt.

Last ned: Alle tabellar som høyrer til ressursrekneskapen for norsk sokkel per 31.desember 2019 (excel)

Petroleumsressursar som er igjen fordelt på havområde per 31. desember 2019

Paidiagram av petroleumsressursar som er igjen fordelt på havområde

 

Nordsjøen

Ressursrekneskapen for Nordsjøen syner at det ble selt og levert 150 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel i 2019. Bruttoreservane auka med 110 millionar Sm3 o.e, før produksjonen er trekt ifrå. Reservane som er igjen i Nordsjøen blei redusert med 40 millionar i 2019. Reservane utgjer ved årsskiftet 2118 millionar Sm3 o.e.

Dei største bidraga til auken i bruttoreservar kjem frå PUD for Balder Future-prosjektet og plan for gjenutbygging av Tor. Det er også fattea utbyggingsvedtak for dei nye felta Duva og Solveig. I tillegg auka reservane på fleire felt som Gullfaks Sør, Gjøa og Gudrun, medan det er en reduksjon på Ekofisk.

Betinga ressursar i felt blei redusert med 52 millionar Sm3 o.e. i 2019. Reduksjonen kjem hovudsakeleg av innlevering av PUD for Balder Future- prosjektet og re-utvikling av Torfeltet som har vore stengt ned sidan 2015.

Betinga ressursar i funn har auka med 31 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor, mellom anna på grunn av tilvekst frå nye funn samt at tre funn som det tidlegare år blei vurdert som lite sannsynleg å bygge ut, no blir vurdert for utbygging. Funna 36/7-4 (Cara) og 16/4-6 S (Luno II) har fått godkjent PUD (feltnavn er Duva og Solveig), og ressursar er modna til reservar. Det er gjort ti funn i Nordsjøen i 2019. Ressurstilveksten frå ni funn er på om lag 46 millionar Sm3 o.e.

Estimatet for ikkje påviste ressursar er 685 millionar Sm3 o.e. Dette er en reduksjon på 30 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor.

 

Totale petroleumsressursar i Nordsjøen
per 31. desember 2019

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Seld og levert 3796,7 1939,6 162,0 70,2 6114,2
Reservar 943,7 1071,3 54,2 0,0 2118,1
Betinga ressursar i felt 163,0 134,5 10,3 0,0 317,1
Betinga ressursar i funn 205,0 131,7 7,7 0,0 351,5
Ikkje oppdaga ressursar 390,0 245,0   50,0 685,0
Totalt 5498,4 3522,0 234,3 120,2 9585,8

 

Nordsjøen - endringar frå 2018

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Seld og levert 68,8 69,8 6,0 0,0 149,8
Reservar -4,4 -34,7 -0,5 0,0 -40,0
Betinga ressursar i felt -34,1 -14,3 -1,9 0,0 -52,0
Betinga ressursar i funn 32,5 0,2 -1,1 0,0 30,6
Ikkje oppdaga ressursar -30,0 0,0 0,0 0,0 -30,0
Totalt 32,7 21,0 2,4 0,0 58,4

Last ned: Tabell (excel)

 

Norskehavet

Ressursrekneskapen for Norskehavet syner at det blei selt og levert 59 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samtidig auka bruttoreservane med 6 millionar Sm3 o.e. før produksjonen er trekt ifrå. Dette betyr ein reduksjon i resterande reservar i Norskehavet på 53 millionar Sm3 o.e. i 2019. Reservane utgjer ved årsskiftet 492 millionar Sm3 o.e.

Auken i bruttoreservar kjem mellom anna av at reservane på Draugenfeltet har auka.

Betinga ressursar i felt er redusert med 7 millionar Sm3 o.e. i 2019. Årsaka til dette er mellom anna at ressursar er modna til reservar mellom anna på Draugenfeltet. Estimatet for betinga ressursar i funn er redusert med 6 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor.

Den viktigaste årsaka er at funna 6506/9-2 S (Fogelberg), 6706/6-1 (Hvitveis) og 6707/10-3 S (Ivory) blir vurdert som lite sannsynlege å bygge ut, og difor ikkje er inkludert i rekneskapen.

Det blei gjort seks nye funn i Norskehavet i 2019. Samla ressurstilvekst frå fire av funna er på om lag 16 millionar Sm3 o.e. Estimatet for ikkje påviste ressursar er på 720 millionar Sm3 o.e. Dette er ein auke på 25 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor.

 

Totale petroleumsressursar i Norskehavet
per 31. desember 2019

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Seld og levert 622,6 570,4 62,8 36,6 1348,9
Reservar 116,3 318,5 27,4 4,8 491,7
Betinga ressursar i felt 27,0 56,7 3,6 1,8 92,3
Betinga ressursar i funn 29,4 140,4 7,8 6,2 190,8
Ikkje oppdaga ressursar 295,0 390,0   35,0 720,0
Totalt 1090,2 1476,1 101,6 84,4 2843,8

 

Norskehavet - endringar frå 2018

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Seld og levert 12,0 39,4 3,5 0,7 58,7
Reservar -1,8 -41,7 -4,5 -0,9 -52,8
Betinga ressursar i felt -4,7 -1,7 -0,2 -0,1 -6,8
Betinga ressursar i funn 1,6 -7,5 0,2 0,0 -5,6
Ikkje oppdaga ressursar -5,0 35,0 0,0 -5,0 25,0
Totalt 2,1 23,6 -0,9 -5,4 18,5

Last ned: Tabell (excel)

 

Barentshavet

Ressursrekneskapen for Barentshavet syner at det ble selt og levert 11 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samtidig auka bruttoreservane med 7 millionar Sm3 o.e før produksjonen er trekt ifrå. Dette gir ein reduksjon i resterande reservar på 4 millionar Sm3 o.e. i 2019. Reservane utgjer ved årsskiftet 290 millionar Sm3 o.e.

Auken i bruttoreservar kjem av at reservane i Snøhvitfeltet er auka som følge av ei oppdatering av reservoarmodellen.

Både betinga ressursar i felt og estimatet i funn er auka med høvesvis 3 og 18 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor. For funn kjem auken frå eitt nytt funn samt auka ressursanslag for 7324/8-1 (Wisting) og 7120/12-2 (Alke Sør).

Det blei gjort eitt nytt funn i Barentshavet i 2019. Ressurstilveksten er på om lag 7 millionar Sm3 o.e.

De ikkje påviste ressursane i Barentshavet inkluderer volum i Barentshavet sør, søraust og nordaust. Estimatet for dei ikkje påviste ressursane i 2019 er 2505 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 25 millionar Sm3 o.e samanlikna med i fjor.

 

Totale petroleumsressursar i Barentshavet
per 31. desember 2019

  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Seld og levert 11,6 61,4 3,0 8,4 87,0
Reservar 109,0 154,7 5,5 15,9 290,0
Betinga ressursar i felt 5,2 28,7 1,3 0,6 37,0
Betinga ressursar i funn 118,4 38,0 1,3 1,1 160,0
Ikkje oppdaga ressursar 1300,0 1170,0   35,0 2505,0
Totalt 1544,1 1452,8 11,1 61,0 3079,0

 

Barentshavet - endringar frå 2018

  Endring
Olje

mill. Sm3
Endring
Gass

mrd. Sm3
Endring
NGL

mill. tonn
Endring
Kondensat

mill. Sm3
Endring
Sum o.e.

mill. Sm3
Seld og levert 2,3 7,8 0,4 0,0 10,7
Reservar -2,1 -0,9 -0,1 -0,4 -3,5
Betinga ressursar i felt 0,0 2,1 0,2 0,0 2,6
Betinga ressursar i funn 0,5 16,6 0,2 0,2 17,7
Ikkje oppdaga ressursar 40,0 -60,0 0,0 -5,0 -25,0
Totalt 40,7 -34,4 0,7 -5,3 2,5

Last ned: Tabell (excel)

 

Olje og kondensat blir oppgitt i millioner standard kubikkmeter (Sm³). NGL blir oppgitt i millioner tonn, og gass blir oppgitt i milliarder standard kubikkmeter. Omregningsfaktor for NGL i tonn til Sm³ er 1,9. Sum oljeekvivalenter blir oppgitt i millioner Sm³ o.e., 1000 Sm3 gass = 1 Sm³ o.e.

 

Kontakt
Tom Andersen

Tlf: +47 51 87 62 75

Oppdatert: 20.02.2020

Kontakt
Tom Andersen

Tlf: +47 51 87 62 75