Jobb
Oljedirektoratet gir faglege råd til styresmaktene og utfordrar petroleumsnæringa på kompetanse og planar.
Ledige stillinger
Ingen ledige stillinger.
Som tilsett hos oss får du
- moglegheit til å påverke
- eit unikt overblikk over korleis verdiane på sokkelen blir forvalta
- være med og gjere ein skilnad for samfunnet og kommande generasjonar.
Organisert i lag
Vi er ein lagbasert organisasjon. Som medarbeidar får du varierte oppgåver, ansvar og tillit. Vi er opptatt av å vere inkluderande, og har kultur for god kunnskapsdeling.
Organisasjonen er opptatt av kompetanse, og har gode ordningar for fagleg utvikling. Vi har konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Vi ynskjer mangfald blant våre tilsette i høve til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne. Oljedirektoratet deltar i regjeringa sin dugnad for inkludering, som har som mål å få fleire med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne ut i arbeid. Opplysningar om hol i CV eller nedsett funksjonsevne kan brukast til rapporteringsføremål.
Jobb hos oss krev autorisasjon etter sikkerhetslova.
Tlf: +47 51876366
Oppdatert: 01.02.2023