Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Personvernstrategi

Innleiing

Personvernstrategien skildrar korleis Oljedirektoratet (OD) samlar inn, behandlar og beskyttar personopplysningane dine når du bruker ODs tenester. Dette overordna strategiske dokumentet blei sist godkjent 16. april 2018.

Personopplysningar er i etter artikkel 4 i EUs personvernforordning alle opplysningar om ein identifisert eller identifiserbar fysisk person («den registrerte»).

Dette kan vere til dømes namn, e-postadresse, telefonnummer, identifikasjonsnummer eller kombinasjonar av desse som gjer det mogleg å identifisere ein person. All bruk av personopplysningar blir rekna som behandling av personopplysningar, som for eksempel innsamling, registrering, samanstilling, lagring og utlevering eller en kombinasjon av desse.

Behandlingsansvarleg

Oljedirektøren er behandlingsansvarleg for korleis Oljedirektoratet samlar inn og bruker personopplysningar. At direktøren er behandlingsansvarleg betyr at direktøren har ansvar og plikter etter personopplysningslova. Vår behandling av personopplysningar skal skje i trå med norske lover og EUs personvernforordning. Oljedirektøren har delegert myndigheit til andre tilsette når det gjeld innsamling og behandling av personopplysningar. Delegeringa omfattar oppgåver, ikkje ansvar.

Om behandlinga

OD samlar inn få personopplysningar. Innsamling og bruk av personopplysningar er ikkje vår kjerneverksemd. Vi får dei fleste opplysningane når du kontaktar oss og gir oss informasjon, til dømes skriftleg eller munnleg, eller besøker våre kontor eller nettstaden vår.

Vi tilbyr nokre få brukartenester som du frivillig kan abonnere på. I desse tilfella må du samtykke til at vi kan bruke nokre få personopplysningar for å nå deg med vårt konkrete tilbod. Vi respekterer din rett til vern om dine personopplysningar. Det  er svært viktig at brukarane våre har tiltru til oss.

Alle som blir registrert med personopplysningar i OD skal vere klar over at dei er registrert

Vi har eigne skriftlege personvernerklæringar for behandlingar som kan skje når du bruker oss som forvaltningsorgan. Desse finn du også på ODs nettstad.

Vår behandling skal vere rettferdig, gjennomsiktig og kontrollerbar. Innsamling og behandling av personopplysningar skal ha god grunn. Vi gjennomfører dette på en sikker og tillitsvekkand,e måte slik at opplysningane berre er tilgjengelege for dei som skal ha tilgang. Vi skal sikre at opplysningane ikkje blir endra utilsikta.

Vi vil ikkje samle inn eller lagre fleire opplysningar enn det som er nødvendig for å oppfylle lovkrav, avtalar, forpliktingar og ønske hos brukarane. I de fleste tilfella vil dette dreie seg om namn, postadresse og telefonnummer.

Vi vil ikkje bruke personopplysningar til anna formål enn det som de er samla inn for.

Vi ønsker å slette opplysningar omgåande dersom det ikkje lenger er eit formål knytt til oppbevaringa og dersom dette ikkje er i strid med norske lover eller forskrifter om arkiveringsplikt.

Eit selskap som behandlar data på vegne av Oljedirektoratet blir kalla ein databehandlar. Når vi nyttar databehandlarar, har vi avtalar som regulerer korleis databehandlaren kan behandle data, og at dette blir gjort i etter norsk lovverk.

Personvernombod

Oljedirektoratet har oppnemnd eige personvernombod. Du kan kontakte personvernombodet dersom du har spørsmål eller krav knytt til dine personopplysningar. Du kan be om innsyn, retting og sletting via personvernombodet.

Kontaktinformasjon: Gunnar Mån Østebø, e-post: personvernombud@npd.no, telefon: 51876587.

Klageinstans

Du kan klage på vår behandling av personopplysningar til Datatilsynet, kfr. personvernforordningens kapitel 13 (2) (d). Adresse til Datatilsynet og framgangsmåte finner du her.

Endringar

OD oppdaterer denne personvernstrategien når det skjer endringar hos oss som behandlingsansvarleg for personopplysningar.

Oppdatert: 14.03.2019