Oljedirektoratet

Arealavgift og fritak for arealavgift

Nedanfor følgjer en utgreiing om arealavgift og fritak for arealavgift.

1. Kva er arealavgift?

Arealavgift er ei avgift som rettshavarane i eit utvinningsløyve må betale til staten v/Sokkeldirektoratet.

Avgifta er heimla i petroleumslova (pl.) § 4-10 første og sjette ledd, og nærare regulert i petroleumsforskrifta (pf.) § 39 flg.

Avgifta er å anse som eit vederlag for det areal og dei naturressursar som staten stiller til disposisjon for rettshavarane ved tildeling av utvinningsløyvet. Ho fungerer som eit insentiv til aktivitet og verdiskaping i området som blir omfatta av løyvet, og motiverer samtidig til tilbakelevering av areal som rettshavarane ikkje anser som interessant.

 

2. Fritak for plikta til å betale arealavgift

Styresmaktene kan etter søknad frå rettshavarane gis fritak frå plikta til å betale arealavgift.

Rettshavarane kan søka om fritak etter pf. § 39 andre, tredje og syvende ledd i følgande tilfeller:

  1. Dersom det er innlevert plan for utbygging og drift av petroleumsførekomster (PUD).
  2. Dersom rettshavarane i perioden som angitt i pl. § 3-9 andre ledd borer ein undersøkingsbrønn utenom arbeidsforpliktinga.
  3. Dersom departementet bestemmer at arealavgift heilt eller delvis ikkje skal betalast eller at plikta til å betala avgifta skal utsetjast.

 

Fritaksgrunner:

 

Førekomstar som er inkludert i plan for utbygging og drift (PUD) – Pf. § 39 andre ledd

Rettshavarane kan søka om fritak ved innlevering av PUD, endra PUD og søknad om fritak for PUD. Fritaka vil gjelda frå dato for innlevering til ED. Det må vera godkjent av ED før fritak kan gis. Søknad om fritak blir send til Sokkeldirektoratet.

Søknaden bør innehalde følgjande:

  • Opplysning om tidspunkt for innlevering av PUD, eventuelt endra PUD eller søknad om fritak for PUD.
  • Forslag til avgrensing av området som skal fritas for arealavgift (AFEX). Området skal baserast på utbreiing av førekomstane som er omfatta av PUD/fritak for PUD. Det skal leggast til grunn base case omriss (forventningsverdi) av førekomsten(e).
  • Kart som viser omriss av førekomsten(e) (deposit) og omriss av området for fritak (AFEX). Kartet skal vere i pdf-format og må innehalde opplysning om stad som f.eks. utvinningsløyvet sine grenser eller blokkgrenser. Ved fleire førekomstar med stor geografisk avstand, vil det kunne vere aktuelt med fleire, adskilte område for fritak.
  • Dybde-strukturkart som viser topp reservoar og olje/vann eller gass/vann kontakt for alle førekomstane som inngår i PUD. Kartet skal vere i pdf-format.
  • XML-filer i henhold til Sokkeldirektoratets spesifikasjonar, se punkt 3.

Dokumentasjonen må i kvart enkelt tilfelle klart beskriva og visa kva kriterium som ligg til grunn for den avgrensinga som er gjort.

 

Boring av ein undersøkingsbrønn i forlengingsperioden – Pf. § 39 tredje ledd

Rettshavarane kan søka om fritak for to år dersom dei borer ein undersøkingsbrønn1 i forlenga initiell periode eller i forlengingsperioden2. Boring av avgrensingsbrønn3 og utvinningsbrønn4 (produksjonsbrønnar, injeksjonsbrønnar, observasjonsbrønnar og kombinasjonar av desse) gir ikkje rett til fritak.

Fritak gis kun dersom undersøkingsbrønnen som blir bora er eit tillegg til arbeidsforpliktinga for utvinningsløyvet. Det avgjerande for om ein brønn er kalla ein undersøkingsbrønn er Sokkeldirektoratets klassifisering av brønnen. Brønnar skal vere registrert hos Sokkeldirektoratet i henhold til ressursforskriften § 13.

Fritak gis for det området som avgrensar prospektet som blir bora og eventuelle ytterlegare prospekt i utvinningsløyvet som har vesentlege geologiske avhengnader til prospektet som blir bora. Dette gjeld prospekt som er antatt å ville bli bora og satt i produksjon innen rimeleg tid dersom prospektet som bores gir positive resultat. Det inneber at informasjon fra brønnen som blir bora vil kunne vere avgjerande for ei eventuell avgjerd om boring for tilleggsprospektiviteten.

Etter utløpet av fritaksperioden vil det igjen koma arealavgift for området. Arealavgiften vil då eskalere over tre år.

Søknad om fritak sendes til Sokkeldirektoratet etter at sluttrapport om geofaglige og reservoartekniske brønndata er innsendt, jf. ressursforskriften § 31.

  • Relevante kart (strukturkart, attributtkart mv.) for dei aktuelle prospektive nivåa. Tilsvarande gjeld for eventuelle prospekt som er geologisk avhengige av prospektet som er bora. Karta skal vere i pdf-format.
  • XML-filer i henhold til Sokkeldirektoratets spesifikasjonar, se punkt 3.

Dokumentasjonen må i kvart enkelt tilfelle klart beskriva og vise kva kriterium som ligger til grunn for den avgrensinga som er gjort.

1 Se ressursforskrifta § 3 bokstav u
2 Se pl. § 3-9 første ledd annan punktum og andre ledd
3 Se ressursforskrifta § 3 bokstav a
4 Se ressursforskrifta § 3 bokstav v 

 

Generell fritaksavgjerd – Pf. § 39 7.ledd

Avgjerda er ein generell regel om fritak. Avgjerda er lagt til departementet sitt frie skjønn.

Regelen om fritak skal vere ein sikkerheitsventil for å kunne justere/gi fritak for avgifta i tilfelle der ho etter omstende ikkje tener som insentiv til effektiv ressursforvaltning. Fritak skal i utgangpunktet kun innvilgas i tilfelle kor det anses som openbart ikkje formålstenleg å pålegga avgift.

Regelen praktiseres slik at det kan søkast om fritak i tilfelle kor:

  • Det blir innsamla ny 3D-seismikk eller blir gjennomført anna omfattande geologisk eller geofysisk arbeid (G&G-arbeid).
  • Det foreligg utanforliggande årsaker som hindrar vidare utvikling av modent funn.
  • Den aktuelle innretninga som skal produsere er plassert utanfor førekomsten, men innanfor området som er omfatta av PUD.

Innsamling av ny 3D-seismikk eller gjennomføring av anna omfattande geologisk eller geofysisk arbeid (G&G-arbeid).

Fritak føreset at innsamlinga/arbeidet er eit tillegg til arbeidsforpliktinga for utvinningsløyvet. Innsamling/arbeid som er del av arbeidsforpliktinga, gir ikkje rett til fritak for arealavgift.

Fritak gis etter ei konkret vurdering, der det blant anna blir lagt vekt på om aktiviteten går utover normal aktivitet i løyvet. Det må vere tale om ekstraordinært arbeid utover normalt og forventa arbeid i løyvet fram mot levering av PUD.

Vidare vil det vere sentralt i vurderinga at omfanget av kostnaden rettshavarane tar på seg er betydeleg og at aktiviteten er nødvendig.

Eventuelt fritak gis etter at aktiviteten er gjennomført og dokumentert. Fritaksperioden og -området blir avgjort etter ei konkret vurdering. Fritaket gis for ei avgrensa periode og kan omfatte heile løyvet eller eit avgrensa område innanfor løyvet. Søknad skal sendast til ED, med kopi til Sokkeldirektoratet.

Søknaden bør innehalda følgjande:

  • Utgreiing om at innsamlinga/arbeidet er eit tillegg til arbeidsforpliktinga.
  • Dokumentasjon og oversikt over kostnader ved innsamling av ny 3D-seismikk og/eller G&G-arbeid, fordelt pr. løyve pr. år.
  • Kart som viser området kor innsamlinga og/eller G&G-arbeidet er utført. Kartet skal vere i pdf-format og må innehalde opplysningar om stad som f.eks. utvinningsløyvet sine grenser eller blokkgrenser.

 

Utanforliggande årsaker som hindrar vidare utvikling av modent funn

Det er to kriterie som må vere oppfylt for at det skal gis fritak under dette alternativet:

  • Det må vera «utanforliggande årsaker» som hindrar vidare utvikling av funn.
  • Prosjektet/ressursen må vera tilstrekkeleg «modna» i den forstand at det er sannsynleg med fremtidig lønnsam utvinning.

Kravet om utanforliggande årsaker inneber at det må gjelda eit ytre omstende som er utanfor rettshavarane sin kontrollsfære. Utanforliggande årsaker som hindrar vidare utvikling kan etter omstenda vera mangel på ledig kapasitet i eksisterande infrastruktur eller mangel på tilgang til ny infrastruktur, føresett at sjølvstendig utbygging ikkje er økonomisk realiserbart. Manglande riggkapasitet er normalt ikkje tilstrekkeleg.

Vurderinga av om fritak skal gis, er konkret. I utgangspunktet må ressursane vere påvist ved boring, og det må gjelda konkrete og reelle planar for gjennomføring av prosjektet.

Perioden for fritak blir vanlegvis avgrensa til ett år fram i tid. Fritaket gis for området som avgrensar funnet.

Søknad skal sendast til ED, med kopi til Sokkeldirektoratet. Søknaden bør innehalde følgjande:

  • Utgreiing om i kva grad det gjeld ei utanforliggande hindring.
  • Utgreiing om i kva grad det er rimeleg grad av sikkerheit for framtidig lønnsam utvinning.
  • Forslag til avgrensing av det samla arealet som skal fritakast for arealavgift (AFEX) basert på utbreiing av førekomsten. Det skal leggast til grunn base case omriss (forventningsverdi) av førekomsten(e).
  • Kart som viser omriss av førekomsten (deposit) og omriss av fritaksområdet (AFEX). Kartet skal vere i pdf-format og må innehalde opplysningar om stad som f.eks. utvinningsløyvet sine grenser eller blokkgrenser.
  • Dybde-strukturkart på topp reservoar, og olje/vann eller gass/vann kontakt for førekomsten. Kartet skal vere i pdf format.
  • XML-filer i henhold til Sokkeldirektoratets spesifikasjonar, se punkt 3.

 

Innretning plassert utanfor førekomsten, men innanfor området som avgrensar førekomstane inkludert i PUD

Det kan søkast om fritak for arealavgift i tilfelle der det er levert PUD (evt. endra PUD eller søknad om fritak for PUD), og innretninga som skal produsera førekomsten ligg utanfor det området som avgrensar førekomsten som er inkludert i PUD. (I desse tilfella vil det ikkje gis fritak for arealavgift etter pf. § 39 andre ledd fordi fritak etter denne regelen er avgrensa til det området som avgrensar førekomsten.)

Fritak gis normalt fra PUD, eventuelt endra PUD eller søknad om fritak fra PUD, blir innlevert og så lenge det føregår utvinning frå innretninga. Etter endt produksjon vil arealavgifta for dette området bli eskalert over tre år som fastsett i pf. § 39 andre ledd.

Fritak vil i desse tilfella normalt gis for det området som avgrensar innretninga med ankerfester.

Søknad skal sendast til ED, med kopi til Sokkeldirektoratet. Søknaden bør innehalde følgjande:

  • Kva førekomst innretninga produserer fra.
  • Kva PUD den aktuelle førekomsten er omfatta av og tidspunkt for når PUD, eventuelt endra PUD eller søknad om fritak for PUD, er levert til styresmaktene.
  • Forslag til avgrensing av det samla arealet som skal fritas for arealavgift (AFEX) basert på plassering av innretninga med ankerfester.
  • Kart i pdf-format som viser omriss av fritaksområdet (AFEX). Kartet skal vere i pdf-format og må innehalde opplysning om stad som f.eks. utvinningsløyvet sine grenser eller blokkgrenser.
  • XML-filer i henhold til Sokkeldirektoratets spesifikasjonar, se punkt 3.

 

3. Format på dei digitale karta

For fritak i henhold til Pf. § 39 andre, tredje ledd og syvende ledd skal format på dei digitale kartdata vera som følgjer:

Arealet det blir søkt om avgiftsfritak for (AFEX) og førekomstomrisset (Deposit) skal sendast inn som to separate XML-dokument med referanse til skjemafila. Se tekstboks

  • Filnamna skal skrivast på følgjande måte:
    • «AFEX [felt/funn/prospekt namn].xml»
    • «Deposit [førekomstnamn].xml»
    • Funn og felt skal namngivast slik det framgår på Sokkeldirektoratet sine faktasider
  • AFEX-arealet skal gis i heile gradar og minutt, i henhold til pf. § 15.
  • Dersom eit AFEX område består av fleire utvinningsløyve skal det sendast inn ei samla XML fil som inneheld alle utvinningsløyva i AFEX-området.
  • Deposit-omrissa kan enten gis i desimale gradar eller i gradar, minutt og sekund med desimalar.
  • Polygonane i omrissa skal vere lukka. Dette betyr at første og siste punkt er identiske.
  • Alle koordinatar skal gis med datum ED50.

Det er utvikla eit eige verktøy for å validera XML-dokumenta før innsending av søknaden til Sokkeldirektoratet.

Gå til https://factmaps.sodir.no/validateAFEX/ og dra xml-filar for AFEX-søknad og Deposit/førekomst inn i validatoren. Omrissa viser saman med informasjon om utvinningsløyve og funn og felt-omriss. Sjekk «Validation report» for eventuelle feil eller manglar. Om ønskeleg kan ein laste xml-filane ned som en filgeodatabase.

 

 

Oppdatert: 22.12.2023

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.