Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Varsling og rapportering i samsvar med paragraf 79a i petroleumsforskrifta

Oljedirektoratet skal i samsvar med forskrift til lov om petroleumsverksemd (petroleumsforskrifta) paragraf 79a motta varsel og rapport om hendingar og andre tilhøve som fører til nedstenging, reduksjon av utvinning av petroleum eller påverkar gjennomføring av aktivitetar i tråd med vedtak fatta i medhald av petroleumsloven og petroleumsforskrifta.

Føresegna omfattar i første rekke tilhøve som har verknad for utvinning og leveranseevne av petroleum både for hav- og landanlegg innanfor petroleumslovens virkeområde. Som ressursforvaltarar og sektormyndighet har Olje- og energidepartementet (OED) og Oljedirektoratet eit informasjonsbehov som omfattar alle delar av petroleumsverksemda. Dette er knytt til ansvar for informasjon til ansvarlige instansar i Noreg og andre lands myndigheiter.

Varslingsplikta etter petroleumsforskrifta paragraf 79a gjeld ikkje tilhøve som alt er varsla til Petroleumstilsynet i medhald av forskrift om styring og opplysningsplikt i petroleumsverksemda og på einskilde landanlegg (styringsforskrifta) paragraf 29. Petroleumstilsynet vil i slike høve omgåande varsle Oljedirektoratet.

Varsling og rapportering til Oljedirektoratet vil då i hovudsak gjelde følgjande tilhøve:

Leiteboring

Operatør skal i prinsippet varsle Oljedirektoratet ved uforutsette hendingar i samband med leiteboring. Dei fleste slike hendingar vil vere dekka av unntaket der hendinga alt er varsla til Petroleumstilsynet eller inngår i anna rapportering som følge av avvik frå til dømes arbeidsforplikting eller boreprogram.

Produksjon

Det kan oppstå situasjonar som har innverknad på produksjonen, men som ikkje er varslingspliktig etter styringstforskrifta. For slike situasjonar skal derfor operatørane for felt, transportsystem og landanlegg varsle Oljedirektoratet. Dette omfattar utilsikta endringar i produksjon eller nedstengingar på eiga innretning, inklusive røyrleidningar og landanlegg, eventuelt andre stader i produksjons- eller transportkjeda som påverkar leveransane av petroleum. Planlagt revisjonsstans omfattast ikkje av denne varslingsordninga.

Varsling

Operatør skal snarast varsle Oljedirektoratet om hendingar og andre tilhøve knytta til:

  • Innretningar - full nedstenging utover eitt døgn eller forventa leveransesvikt over 15 mill. Sm3 gass eller 15 000 Sm3 olje og kondensat
  • Sentrale knutepunkt
  • Landanlegg

Varsling skjer til Oljedirektoratets vakttelefon (sjå skjema) med etterfølgjande stadfesting via e-post til Oljedirektoratets beredskapsvakt.

Ved all varsling skal operatøren gi følgjande informasjon:

  • Feltnamn / innretning / namn på anlegg
  • Skildring av hendinga
  • Konsekvens for produksjonen
  • Estimert varigheit av utsett produksjon
  • Kontaktpunkt hos operatøren.

Rapportering

Når situasjonen er normalisert, skal operatør sende rapport med følgjande informasjon til Oljedirektoratets beredskapsvakt.

  • Feltnamn / innretning / namn på anlegg
  • Skildring av hendinga og utbetrande tiltak
  • Faktisk konsekvens for leveransane og moglege konsekvensar for vidare drift

Teksten over samsvarer i det vesenligste med innhald i brev sendt til operatørselskapa 7.3.2006, referanse Oljedirektoratet 06/237.

Forskrifter er tilgjengelig her

Kontakt
Nina Skram Gil

Tlf: +47 51876079

Oppdatert: 14.03.2019

Kontakt
Nina Skram Gil

Tlf: +47 51876079