Oljedirektoratet

Andre sin bruk av innretningar - TPA

Olje- og energidepartementet (OED) fastsette 20. desember 2005 forskrift om andres bruk av innretningar. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2006.

Formålet med forskrifta er å oppnå effektiv bruk av eksisterande innretningar og røyrleidningar for å sikre meir leiting etter og utvinning av petroleum på norsk kontinentalsokkel. Dette er spesielt viktig i modne område.

Etter paragraf 14 i forskrifta, Rapportering, skal partane innan 30 dagar etter at departementet har godkjend ein avtale om andres bruk av ei innretning i medhald av petroleumslova paragraf 4-8, rapportere element frå forhandlingsprosessen og dei viktigaste avtalevilkåra til sokkeldirektoratet for publisering.

Det er ikkje naudsynt å godkjenne dei avtalane som er forhandla fram i medhald av forskrifta. Ein underteikna original av dei avtalane som er forhandla fram skal likevel sendast inn til ED for vurdering.

Rapportering til Sokkeldirektoratet i medhald av paragraf 14 skal skje samstundes med at ein underteikna original vert sendt til departementet for vurdering.

Rapporteringa skal gjerast på skjema utforma av departementet.

Publiserte rapportar i samsvar med paragraf 14 Forskrift om andres bruk av innretningar

Sokkeldirektoratet gjennomgår innkomne rapportar i forhold til skjema som er utforma av departementet. sokkeldirektoratet tar ikkje ansvar for innhaldet i rapportane.

Sjå egen blokk for publiserte rapportar i samsvar med paragraf 14. Rapportane skal innehalde element frå forhandlingsprosessen og dei viktigaste avtalevilkåra.

Standardiserte avtaleklausular

I samhøve med paragraf 10 i forskrifta, Standardiserte avtaleklausuler, godkjende departementet etter høyring i industrien i juni 2006 eit sett av rettleiande standardiserte avtaleklausular til bruk i forhandlingar om andre sin bruk av innretningar.
 
Det vere opp til rettshavarane om dei ønskjer å bruke slike avtaleklausular. Departementet har likevel anmoda om at avtaleklausulane vert brukt i dei tilfella kor dette vil bidra til å oppnå forskrifta sitt mål om effektiv bruk av innretningar.

Last ned: Standardiserte avtaleklausular (engelsk)

Oppdatert: 22.12.2023

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.